Dataspel gjer at desse elevane har lyst til å bli betre i matte

– Det er mykje gøyare å spela og me lærer meir.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Då læraren fortalde oss at me skulle spela dataspel i mattetimane, tenkte eg at det sikkert var eit kjedeleg spel. Men det er jo kjempekjekt, seier Noris Ekanger (9).

Håvard Skrede Hatlelid (9), Emilie Wolff (11) og Linnea Hansen (11) nikkar einig.

– Me gjer ikkje lenger berre skriftlege oppgåver. Det er mykje gøyare å spela og me lærer meir, seier Linnea Hansen (11).

Lærer meir: Me lærer meir ved å gjera ting kreativt, trur mattelærar ved Knappskog skule. Elevane er einig. F.v.: Håvard Skrede Hatlelid (9), Noris Ekanger (9), Emilie Wolff (11) og Linnea Hansen (11). Foto: Ingvild Vikingsen Skogestad

Mattelærar på Knappskog skule i Øygarden kommune, Ingvild Vikingsen Skogestad, seier mykje har skjedd med mattefaget. Dei 3–4 siste åra, har elevane hennar også brukt dataspel i mattetimane.

– Ein balanse mellom spel, rekning, dialog, praktisk, utforsking og problemløysing gjer det mykje gøyare, fortel ho.

Matematikk på elevane sitt språk: Petter Blandhol (t.v.) fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar på «Numetry». – Lærarane ser at elevane diggar spelet og blir meir motiverte og engasjerte. Spelet hjelper svake og sterke elevar, og dei likar det svært godt. Dei får læra matematikk på sitt språk, seier han. Her med Numetry-pedagog Endre Natvik. Foto: Anders Huke, Sogn Avis

Læring på barna sine premissar

I «Numetry» speler ein astronaut, og målet er å redda ut ei gruppe astronautar som plutseleg forsvann – og samtidig løysa eit mysterium. Til slutt er det berre matteferdigheiter som kan redda ekspedisjonen.

Petter Blandhol, som er marknadssjef i Eduplaytion, fortel at dei vil at barn skal synast at matte er gøy, og då er det bra å gjera feil.

– Me har ikkje fokus på at elevane skal svara rett på første forsøk. Det er ikkje farleg å gjera feil – det er slik me lærer. Prøving, utforsking og feiling er ein naturleg del av læringsprosessen, og noko alle dataspel er bygd på, seier han.

Lærerikt og gøy: Lærarar og spelutviklarar har jobba saman for at «Numetry» skal vera så lærerikt og gøy som mogleg. Foto: Eduplaytion AS

– Me har fått lyst til å driva med matte

Elevane meiner at kombinasjonen av læring og dataspel er ein kjempefordel, og alle er einige om at dei er blitt betre i matte etter at dei starta med «Numetry».

– Det er gøyare og kjekkare å spela enn å rekna på ark. Spelet har gjort at me har fått lyst til å driva med matte, seier Emilie.

Matte for 4.–7. trinn: Numetry er framleis under utvikling, og alle elevane som bruker det kan gi tilbakemeldingar under «Ris og ros»-knappen inne i sjølve spelet. Når det er ferdig, skal det dekka læreplanen for 4. – 7. trinn. Foto: Eduplaytion AS

Dette er «Numetry»: 

  • «Numetry» er gratis å spela for alle ut skuleåret 2021/2022, minst. Du kan registrera deg og klassen din, eller spela utanom skulen.
  • I spelet blir det tilbode hjelp undervegs. Slik kan du fortsetja læringa på eiga hand.
  • Før du skal løysa dei ulike matteoppgåvene i spelet, blir du presentert for ein bit av ei større historie. Slik forstår du kva oppdraget i spelet er.
  • Dei elevane med høgast score, vil hamna på ei poengtavle som alle spelarane kan sjå. Ved å bruka konkurransen kjent frå spelverdenen, motiverer den elevane til å jobba meir med matematikken.