Skrivekonkurranse: Skriv om juleønsket ditt!

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida junior, og vinn fine premiar!

Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om kva juleønske du har for verda, heimplassen din eller kva du aller helst kunne ønskt for framtida di!

Du kan òg skriva om dine aller beste tips til gåver du kan laga sjølv!

Krav:

• Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
• Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. Om ikkje alt er rett, så går det fint! Me passar på rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte!

Frist: 9. desember 2026

Alder: Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.

Vinn fine premiar

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og bokmerke i posten. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.

Tips

Her finn du tips til å skriva lesarbrev!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse jul 2026» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på, og telefonnummer til ein av foreldra dine.