Hedda gav foreldra støvsuging i julepresang – dei blei veldig glade!

Her deler fire sjuandeklassingar på Moster skule sine beste gåvetips.

 

Hedda Torget Knutsen. Foto: Cecilie Rønhovde

Hedda Torget Knutsen (12)

Betalar du sjølv for julegåver og gebursdagspresangar?

– Nei.

Er det greitt å gje brukte ting i gåve?

– Ja, om dei er i god stand. Om dei framleis kan brukast og ikkje er skitne.

Har du tips til billege eller gratis gåver?

– Om du har eit tomt syltetøyglas, så kan du skriva på lappar ting du kan gjera for personen, til dømes å ta utav oppvaskmaskina eller støvsuga trappene. Eg gav det som julegåve til foreldra mine eit år. Dei blei veldig glade.

 

Eirik Huse. Foto: Cecilie Rønhovde

Eirik Huse (12)

Betalar du sjølv for julegåver og gebursdagspresangar?

– Av og til, om eg bestemmer gåva sjølv. Ofte til foreldra mine.

Er det greitt å gje brukte ting i gåve?

– Kanskje, viss det er andre ting enn klede.

Har du tips til billege eller gratis gåver?

– Veit ikkje heilt.

 

Therese Steinsland. Foto: Cecilie Rønhovde

Therese Steinsland (12)

Betalar du sjølv for julegåver og gebursdagspresangar?

– Nei. Foreldra mine betaler.

Er det greitt å gje brukte ting i gåve?

– Ja, men dei må sjå fine ut. Eg ville til dømes ikkje likt å få ein rusten sykkel i presang.

Har du tips til billege eller gratis gåver?

– Om du har frukttre eller bærbuskar i hagen, så kan du baka noko med frukta. Om du har garn, så kan du strikka eller hekla noko. Eller du kan sy noko.

Eg har fleire gongar laga eller bakt noko til gebursdagar, til dømes ei kake. Eg likar å laga mat.

 

Jakob Røyksund Helland. Foto: Cecilie Rønhovde

Jakob Røyksund Helland (11)

Betalar du sjølv for julegåver og gebursdagspresangar?

– Nei.

Er det greitt å gje brukte ting i gåve?

– Ja, det vil eg seia, om dei framleis fungerer. Til dømes fotballkort.

Har du tips til billege eller gratis gåver?

– Å kjøpa ting på tilbod, eller gje noko som er brukt men elles fint og i orden. Sist pappa hadde gebursdag, fekk han husvask i gåve frå svigermor.