Borrelås på alle sko. Godteri til middag. Og ein statsminister som plutseleg må gjera akkurat det Nikki og Mia seier.
I den nye boka Robotministeren blir norsk politikk snudd på hovudet når to barn finn ein fjernkontroll som kan styra statsministeren. Resultatet er ei vill historie full av satire. Satire er når nokon tullar eller overdriv for å visa at noko er rart, dumt eller urettferdig.
Framtida Junior har spurt forfattar Arild Ørnholt om korleis han fekk ideen til boka, kva som inspirerte historia – og kva han sjølv ville brukt ein politikar til om han hadde hatt ein fjernkontroll.

Korleis fekk du ideen til boka om Nikki, Mia og ein robotstyrt statsminister?
– Eg tenkjer alltid på morosame og rare historier. Ideane blir skrivne fort ned, og legg seg bak i hovudet for å gjera plass til nye påfunn. Når eg skriv humor, er det viktig for meg at sjølve ideen blir opplevd som ein slags leik. Noko ein kjapt forstår kan innehalda timevis med moro. Slik var det då eg tenkte på kor gøy det er å styra ting med fjernkontroll. Det leidde til tanken: Kva om ein kunne styra statsministeren?
Kvifor ville du skriva politisk satire for barn?
– Først og fremst ville eg skriva noko morosamt. Eg tenkte ikkje at det måtte vera politisk satire eller for barn eigentleg! Men når eg først kom på at statsministeren skulle bli styrt med fjernkontroll, så tenkte eg fort at det er morosamt om det er to litt rampete ungar som gjer det. Då vart alt fort veldig «satirete».
Tidlegare har eg laga mykje satire «for vaksne», men alltid opplevd at mange barn set pris på humoren òg. Eg trur alle liker å le av noko som kjennest aktuelt, og som handlar om verda me lever i. Same kor gamle me er.

Kva håpar du barn ler mest av når dei les boka?
– Av alle dei håplause vaksne som trur dei veit best! (Sjølv om det kan henda at barna i boka ikkje alltid er så smarte heller.)
Eg liker godt alt det rare som skjer når Nikki og Mia først finn fjernkontrollen og må læra korleis han fungerer. Det er ikkje lett å styra ein vaksen mann.
Er det noko frå verkeleg politikk eller verkelege politikarar som har inspirert historia?
– Eigentleg ville eg skriva ei bok som var tidlaus, og eg vil ikkje at ein må vita alt som går føre seg i norsk politikk for å lika boka. Ho er inspirert av korleis politikk blir opplevd, og kjenslene det skaper i oss.
Men når det er sagt, så er det fort gjort å kunna finna likskapar mellom røyndommen og det som skjer i boka. Til dømes i boka, så synest jo Nikki og Mia det er veldig urettferdig at statsministeren skal gjera videospel ulovleg. Og i røynda trur eg det er mange som kjende på noko liknande då dei fekk vita at statsministeren vil gjera sosiale medium ulovlege for dei under 16.

Korleis var du sjølv som barn?
– Eg elska å teikna, og ville alltid laga noko tullete. Anten det var teikneseriar, skodespel, morosame songar eller teiknefilm. Men eg kunne også vera litt bekymra og uroleg til tider. Då var det godt å ha hobbyar som eg kjende eg kunne meistra, og dela med vennene mine. Det var ein stolt augneblink då eg fekk gi ut mitt eige teikneserieblad på skulen og selja det i friminuttet.
Akkurat som Nikki og Mia likte eg best å sitja på bakarste rad i mine eigne tankar og synest det kunne vera vanskeleg å følgja med i timen. Men til forskjell frå dei så gjorde eg alltid leksene mine.
Viss du kunne fjernstyrt ein politikar for éin dag, kva ville du fått personen til å gjera?
– Husarbeid! Eg har veldig mange klede i tørketrommelen som det hadde vore herleg om Jonas kunne bretta. Og det hadde vore nice om Sylvi kunne rydda kjellarboda for meg.

Kva er det villaste Nikki og Mia finn på i boka?
– Det må nok vera når dei tek full kontroll og byrjar å laga sine eigne lover som alle må følgja. Anten det er at alle må bruka borrelås på skoa, eller at det er påbode å servera godteri til middag. Det er spesielt éi av lovene dei kjem på som skaper totalt kaos. Eg skal ikkje avsløra alt, men det er ikkje berre trygt med Nikki og Mia bak spakane.
Var det noko du ikkje fekk lov til å skriva i boka fordi det vart for sprøtt?
– Nei, ikkje eigentleg. Eg trur me toler å høyra om dei sprøaste tinga – så lenge det er morosamt og ingen tek skade av det.

Kva er det viktigaste du meiner barn bør vita om korleis Noreg blir styrt?
– At om ein er usamd i korleis ting blir gjort, så har ein lov til å seia ifrå. Og om ein politikar gjer noko du ikkje forstår deg på, så er det faktisk lov å gjera narr av dei. Sånn er det ikkje i alle land!
Kjem det fleire bøker om Nikki og Mia, og kva kan du avsløra om det som skjer vidare?
– Ja! Eg skriv på neste bok no og gler meg til ho kjem ut. Då skal Nikki og Mia på eit viktig oppdrag til USA, og finn ut ein løyndom om den amerikanske presidenten.
Kva tenkte du då du høyrde at Albania hadde innført ein KI-minister?
– Det har eg ikkje høyrt om! Om du hadde sagt det for eitt år sidan så ville eg sagt det var tull, men no tviler eg ikkje.
Utan å vita detaljane så tenkjer eg det er bra politikarar også får kjenna på korleis det kjennest at jobben deira kan bli erstatta av KI. Kanskje dei vil jobba hardare for at det ikkje skjer med andre?





















