Derfor vart apeungen Punch så glad i kosedyret sitt

Den vesle apeungen Punch vart avvist av mor si. Då fekk han eit kosedyr som trøyst – og plutseleg følgde millionar av menneske historia hans på internett.

Punch bur i ein dyrehage i Japan. Då han vart fødd, ville ikkje mor hans passe på han. Heller ikkje dei andre apene i flokken ville ha noko med han å gjera.

Dyrepassarane bestemde seg derfor for å gi Punch eit mjukt orangutang-kosedyr frå IKEA. Det viste seg å vera akkurat det apeungen trong.

Punch byrja å bera rundt på kosedyret overalt. Han klemde det tett inntil seg når han var redd eller lei seg. Mange reagerte sterkt då dei såg videoar av Punch som vart jaga bort av andre aper og sprang tilbake til kosedyret sitt for trøyst.

Videoar av den vesle apeungen spreidde seg raskt på sosiale medium, og mange menneske vart rørte av historia hans, skriv Ung Forskning.no.

Ville ha tryggleik

På 1950-talet gjorde den amerikanske psykologen Harry Harlow eit forsøk med apeungar for å finna ut kvifor babyar knyter seg til foreldra sine.

Apeungane fekk to «reservemødrer». Den eine var laga av jern og kunne gi mjølk. Den andre var ei mjuk dokke som apeungane kunne kosa med.

Forskarane oppdaga noko overraskande: Apeungane gjekk til jernfiguren når dei var svoltne, men dei ville helst vera hos den mjuke dokka resten av tida. Det fekk forskarane til å forstå at tryggleik og nærleik er veldig viktig – ikkje berre mat.

Barn, også menneskebarn, treng varme og nærleik for å knyta seg til omsorgspersonar.

Forskarar minner også om at eksperimenta til Harry Harlow aldri ville blitt godkjende i dag, fordi apeungane hadde det vondt.

No har Punch fått venner

Heldigvis ser det ut til at det går betre med Punch no.

Ifølgje dyrehagen har han vorte meir sosial og leikar med dei andre apene. Han bruker framleis kosedyret sitt, men mest når han skal sova.

Video i toppen av saka: YouTube / PBS NewsHour