Ville fakta om Romarriket

Visste du at romarane kanskje var betre enn oss til å byggja – og at ein keisar gjorde hesten sin til prest? Forfattar Martin Aas byr på ein haug med overraskande fakta i boka Det kuleste fra Romerriket.

Martin Aas er forfattar og formidlar som elskar historie – spesielt dei rare, spennande og litt sprø historiene frå fortida. Han vil visa at historie ikkje berre handlar om årstal, men om ekte menneske, ville idear og utrulege hendingar.

Kva var det aller kulaste du oppdaga om Romarriket medan du jobba med boka?

At romarane var betre enn oss til å byggja med betong. I moderne betongbygg bruker me stålstenger for å gjera betongen sterkare. Men desse stenga rustar og gjer at betongveggene våre kanskje berre varer i 50 til 100 år.

Romarane hadde ei anna betongoppskrift som var mykje betre og ikkje trong å bli forsterka med metallstenger. Det gjer at bygg som Pantheon i Roma framleis står 2000 år etter at det vart bygd. Forskarar prøver stadig å finna ut av oppskrifta til romarane for å laga betre og meir miljøvennleg betong enn det me har i dag.

Var det noko som overraska deg skikkeleg – sånn at du nesten ikkje trudde det var sant?

Det som kanskje overraska meg mest, er kor fort kristendommen spreidde seg rundt i Romarriket. Dei første 300 åra etter at Jesus døydde på korset, gjekk talet på følgjarar frå litt over hundre stykke til seks millionar. Mykje av grunnen til at dette gjekk an, var nok at dei fleste som budde i Romarriket, levde skikkeleg fæle liv fulle av svolt og sjukdom. Kristendommens løfte om eit evig liv i paradis må ha verka veldig forlokkande.

Illustrasjon: Martin Aas

Kvifor trur du så mange framleis synest Romarriket er spennande i dag?

Eg trur noko av det som gjer at folk framleis er så fascinerte av Romarriket, er at det er så altomfattande. Dei fekk til utruleg mykje med mykje mindre teknologi enn me har i dag. Derfor blir det kanskje sett på som enklare, men samtidig overraskande avanserte tider. Dei la også grunnlaget for alt frå vegsystem og lover til språk og kalendersystemet vårt. Samtidig var dei ekstremt teatralske, med kapper, fjør og banner, noko som har gjort den romerske hæren veldig ikonisk.

Kva ville du sagt var den raraste personen i Romarriket – og kvifor?

Det var nok Caligula, som var keisar over Romarriket frå år 37 til år 41. Han såg på seg sjølv som ein levande gud og brukte derfor Romarrikets pengar på å byggja øyar ute i havet, jamna fjell med jorda og laga «nye fjell» der det var flatmark. Han skal også ha gjort favoritthesten sin til sjefprest, bada i parfyme, putta gull i brødet og kjøttet sitt og drukke perler oppløyst i eddik.

På ein god andreplass finn me keisar Commodus, som mellom anna endra namnet på Roma til Commodiana og tvinga romarane til å kalla kvarandre «commodianere». Dette vart endra tilbake straks etter hans død.

Dersom du kunne reist tilbake i tid: Kva ville du helst opplevd i Romarriket?

Eg ville drege til Roma rundt år 80 for å sjå eit sjøslag i Colosseum. I starten skal det ha vore mogleg å fylla Colosseum med vatn for å utkjempa sjøslag, for så å tømma det igjen til neste framsyning. Men i år 89 vart Colosseum bygd om, slik at dette ikkje lenger var mogleg. Dermed veit me ikkje korleis romarane fekk det til. Det hadde vore veldig kult å få svaret på.

Illustrasjon: Martin Aas

Var det skummelt å skriva om så mykje historie – og korleis fann du ut kva som var sant?

Det er umogleg å vita heilt sikkert kva som skjedde for veldig lenge sidan. Jo lenger bakover ein reiser, jo meir usikkert blir det. Sjølv bøker som vart skrivne i romartida, fortalde ofte om ting som skal ha skjedd fleire hundre år tidlegare. Det er i desse bøkene ein gjerne finn dei kulaste historiene, medan moderne historiebøker har eit meir kritisk blikk på kva som er sant og ikkje.

Eg har lese gamle bøker frå romartida for å finna gode historier og nye bøker for å finna ut kva dagens forskarar meiner faktisk skjedde. I tillegg har eg gått gjennom boka mi med historikaren Jon W. Iddeng, som mellom anna er fagansvarleg for Romarrikets historie hos Store norske leksikon, for å passa på at ting stemmer.

Kva trur du barn i dag ville synast var mest rart med livet i Romarriket?

Kanskje at jenter ikkje hadde eigne namn, men berre ein jenteversjon av familienamnet. Jenter i Julius-familien heitte til dømes alle Julia. Dersom det var to søstrer, heitte dei Julia den eldre og Julia den yngre, og om dei var tre eller fleire, heitte dei Julia den første, Julia den andre, Julia den tredje og så vidare.

Du skriv at romarane var opptekne av overtru – kva er det merkelegaste dei trudde på?

Romarane tenkte at gudane deira var veldig glade i fuglar. Sjefsguden Jupiters heilage dyr var ei ørn, og sjefsgudinna Junos heilage dyr var ein påfugl. Dei trudde også at gudane brukte fuglar for å senda beskjedar til menneska. Derfor var romarane ekstremt opptekne av å tolka viljen til gudane ut frå korleis fuglar oppførte seg.

Mellom anna hadde romarane med seg høner når dei var ute og kriga. Ved å gi desse heilage hønene mat før eit slag, trudde dei at dei kunne få råd frå gudane. Viss hønene elska maten, betydde det at gudane gav grønt lys for å angripa. Viss hønene ikkje ville eta, var det ei åtvaring om at slaget kunne enda i katastrofe. Det finst historier om generalar som svalt hønene i dagane før eit viktig slag for å få eit «ja» frå gudane.

Illustrasjon: Martin Aas

Kva er likt mellom Romarriket og verda me lever i no?

Akkurat som oss hadde romarane myntar med ansiktet til dei som styrte landet, og vegar og vegskilt som kan minna om det me har i dag. Rike romarar kunne ha både innlagt vatn og varme i golvet. Men den største likskapen er kanskje at gamle, rike menn framleis bestemmer. Senatet, som styrte Romarriket i store delar av historia, fekk namnet sitt frå det latinske ordet «senex», som betyr «gammal mann».

Kvifor meiner du at historie ikkje treng å vera kjedeleg?

Eg har inntrykk av at mange har eit stort fokus på pugging av årstal og namn. Dei gløymer fort kva historie eigentleg handlar om: historier. Det er ikkje så viktig å vita nøyaktig når noko skjedde, men kvifor det skjedde og kva resultatet vart. Som ein bonus kan ein til dømes læra om det tidlege forsøket til amerikanarane på å laga ein ubåt, som dei kalla «skjelpadda». Det er ei mykje morosamare historie enn berre eit årstal.

Kva slags barn var du sjølv – likte du historie då du var liten?

Eg var veldig glad i teikneseriebøkene om Asterix og dataspel som Age of Empires og Civilization, som leikar med ulike historiske epokar. Og ikkje minst animasjonsserien «Det var ein gong eit menneske», som tok sjåaren med på ein reisa gjennom verdshistoria. Eg syntest det var veldig gøy å drøyma seg tilbake til andre tider. Eg speler framleis Civilization-spel med jamne mellomrom – og ofte speler eg som Romarriket.