Kanye West-konsertar avlyste i fleire europeiske land

Kanye West normaliserer hat, meiner kulturministeren i Polen – eitt av fleire land der konsertplanar har gått i vasken for den kontroversielle artisten.

Artisten, som også kallar seg Ye, har fått mykje kritikk dei siste åra. Han har mellom anna sagt: «Eg ser gode ting ved Hitler» i podkasten til ytre høgre-figur Alex Jones. Han har også laga ein song som heiter Heil Hitler (ei helsing brukt av nazistane under andre verdskrigen), og han har trykt og selt T-skjorter med hakekors på. Hakekorset er mest kjent fordi det vart brukt av nazistane i Tyskland under andre verdskrigen.

Alt dette har ført til skuldingar mot Ye om antisemittisme, som betyr hat mot jødar.

Han har seinare sagt at han hadde «mista kontakt med verkelegheita» på grunn av bipolar liding (ein sjukdom som kan påverka humør og tankar), og at han ikkje er nazist eller hatar jødar.

– Normalisering av hat

Kulturministeren i Polen meiner likevel at han ikkje bør opptre der, skriv Framtida.

– Me kan ikkje leike at dette berre er underhaldning, seier ho.

– Dette er ikkje «kontroversar». Dette er bevisst kryssing av ei grense og normalisering av hat, legg ho til.

Fleire konsertar er også avlyste i andre land, som Sveits og Frankrike. I både Storbritannia og Australia har han fått nei til å reise inn i landet. Myndigheitene seier dei kan stoppa besøk som ikkje er bra for samfunnet.