– Eg heiter Lian Elbana. Eg er 13 år gammal og fordriven frå Al-Sabra. Dagane mine er greie, takk Gud. Me prøver å halda oss glade, og me jobbar. Kvar dag vaknar eg, ryddar, og et frukost. Så går me for å sjå om Tekkeya (matsentralen) har komme, slik at me kan fylla kjelane våre med mat, og me fyller også vasskanner. Etterpå ryddar me teltet. Kvar dag er lik.
– Det eg ønskjer meg mest no, er å dra heim igjen og at krigen skal ta slutt. Eg er redd fordi me forlét livet vårt og huset vårt i Gaza, og for at krigen held fram. Det som gjer meg glad, sjølv når alt er vanskeleg, er å leva saman med familien min. Takk Gud, eg har ikkje mista nokon i den næraste familien.
Har mista slektningar
– Familien min får meg til å kjenna meg trygg – mamma og pappa, spesielt mamma. Før krigen hugsar eg familiesamlingane våre når me drog til chaletet med onkelen min, som no er drepne, og alle våre kjære. Dei er borte no. Eg var så glad den gongen, men når eg hugsar dei augneblinkane, blir eg trist fordi me har mista dei og aldri får sjå dei igjen.
Her kan du sjå video av Lian som fortel om livet sitt på flukt.
– Draumen min for framtida er å bli rektor på ein skule. Den staden eg kjenner meg trygg, er heime, når me alle er samla. Eg trur fred berre vil komma når krigen tek slutt. Meldinga mi til barna i verda er at me håpar å bli som dykk ein dag. Eg elskar The Magic Mitten-prosjektet — det gjer oss glade og hjelper oss å sleppa ut kjenslene våre.
Lian er med i Magic Mitten-prosjektet, eit initiativ som lærer barn å handtera kjensler midt i krig og uro. Prosjektet blir støtta av Palestine Play Projects og blir koordinert av London House of Consultants i samarbeid med Magic Mittens og Child Smile Initiative.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.





















