– Eg heiter Leen Al-Khader. Eg er 10 år gammal og fordriven frå Beit Lahia. Takk Gud, dagen min er god. Om morgonen vaskar eg ansiktet, les Surat Al-Fatihah frå Koranen, ryddar og passar veslebroren min. Før krigen pleidde eg å gjera litt av dette, men ikkje alt.
– Det eg ønskjer meg meir enn noko anna i heile verda, er at krigen skal ta slutt, at me får sjå slektningane våre trygge og friske, og at me kan leva på ein trygg stad. Lyden av eksplosjonar gjer meg redd.
– Det som gjer meg glad, sjølv når ting er vanskelege, er når nokon kjem til meg og seier at dei har ei overrasking eller noko morosamt for meg. Mamma får meg til å kjenna meg tryggast – ho står alltid ved mi side. Og bestemor mi, måtte Gud velsigna henne, tek alltid vare på oss med kjærleik.
Trur på fred
– Før krigen hugsar eg at eg var den flinkaste eleven i klassen og på heile skulen – den mest briljante jenta av alle. Draumen min for framtida er å jobba i eit av dei største selskapa i verda. Den tryggaste staden for meg er mammas klem. Eg trur verda kan leva i fred om me alle står saman, ønskjer godt for kvarandre, og anerkjenner staten Palestina.
Her kan du sjå video av Leen som fortel om livet sitt på flukt.
– Meldinga mi til barn i andre land er: ver så snill å be for barna i Gaza. Me er uskuldige, akkurat som dykk. Me elskar livet, me elskar skulen, og me elskar alt som er vakkert i livet. Eg elskar prosjektet The Magic Mitten fordi me lærer korleis me kan sleppa ut kjenslene våre og finna psykisk lindring.
Leen er med i Magic Mitten-prosjektet, eit initiativ som lærer barn å handtera kjensler midt i krig og uro. Prosjektet blir støtta av Palestine Play Projects og blir koordinert av London House of Consultants i samarbeid med Magic Mittens og Child Smile Initiative.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.





















