Kan barn med astma ha hund?


Ein ny studie gir gode nyheiter: Barn med astma treng ikkje nødvendigvis å kvitta seg med hunden sin.

Forskarar i Sverige har undersøkt nesten 100 000 barn og unge med astma og allergi, skriv Ung.Forskning.no.

Barna vart delt inn i tre grupper: Dei som budde med hund, dei som hadde budd med hund tidlegare og dei som aldri hadde hatt hund.

Resultatet av forskinga viser at barn som har hund, ikkje har meir alvorleg astma enn andre barn. Dei treng heller ikkje sterkare medisinar.

Litt oftare anfall

Likevel såg forskarane ein liten forskjell. Barn som hadde hund, fekk litt oftare astmaanfall. Nokre måtte også bruka meir medisin når dei blei dårlege.

Forskarane undersøkte også kva som skjedde dersom familien gav bort hunden. Det viste seg at det ikkje hjelpte så mykje. Det å fjerna hunden førte ikkje til at astmaen vart betre.

Ein grunn kan vera at små restar frå hund (som hår og støv) blir verande i huset lenge. Dessutan finst slike stoff mange stader, til dømes på skulen.

Andre studiar viser også noko interessant: Barn som veks opp med dyr, kan få mindre sjanse for å utvikla allergi. Tidleg kontakt med dyr kan påverka immunforsvaret, ifølgje forskarane.