Forrædaren som vart eit motstandssymbol

5. november er Guy Fawkes-dagen. Då er det duka for store bål og fyrverkeri, spesielt i England.

«Remember, remember the fifth of November» startar eit kjent dikt for mange engelskmenn. Det kjem frå eit terroristforsøk på parlamentet i London heilt tilbake i 1605, heile 420 år sidan i år.

Brukte krut

Etter dronning Elizabeth I døydde, tok James I over som konge. James I var protestant. Guy Fawkes var katolsk, og ville ikkje ha James I som konge.

Ein katolsk kristen forheld seg til reglane frå paven og katolske kyrkjer, medan protestantar ikkje forheld seg til paven som ei overordna makt. Under Elizabeth I vart 100 katolske prestar avretta, og det var mykje blodig konflikt rundt desse retningane innanfor kristendommen.

Saman med fleire andre vart ein plan lagd for å sprenge parlamentet i London på dagen då kongen og arvingen hans skulle vere til stades. Fawkes hadde kjennskap til bomber, og fekk i oppgåve å plante og detonere bomba under parlamentet.

Han brukte krut som sprengstoff. Heile 36 tønner stod fylt i kjellaren av parlamentet. Men natta mellom 4.–5. november vart Guy Fawkes funne i kjellaren og krutkonspirasjonen (the Gunpowder plot på engelsk) var avverja. Han og sju andre vart dømd for forræderi og avretta 30. og 31. januar 1606.

FEIRING: Guy Fawkes-dagen blir òg feira med fyrverkeri. Foto: Kristina D.C. Hoeppner | Flickr

Frå skurk til motstandssymbol

Over åra endra markeringa av dagen for krutkonspirasjonen. Første året og i 200 år etter vart dagen markert med store bål i glede for at krutkonspirasjonen ikkje vart gjennomført.

Frå rundt 1790 byrja barn å lage ei stor dokke av Guy Fawkes som skulle brenne på dei store båla. Dei stoppa vaksne på gata og bad om «penny for the Guy» då dei køyrde rundt med dei tillaga dokkene.

V: Maska til karakteren V i V for Vendetta er basert på andletet til Guy Fawkes. Foto: chantakul1981 | Pixabay

I 1841 kom ei bok ut som endra synet på Guy Fawkes. Handlingane hans viste no motstand i staden for forræderi.

Når ein ny antihelt i ei dyster framtid dukka opp i teikneserien V for Vendetta frå 1988, brukte hovudkarakteren V ei maske laga som andletet til Guy Fawkes.

Demonstrasjonar og Anonymous

I 2010 vart maska brukt under verdsdekkande demonstrasjonar rundt klasseskilje og demokrati som ikkje funka som det skulle.

Ei gruppe med «hacktivistar» har gitt seg sjølv namnet Anonymous. Dei er aktivistar som hackar seg inn på digitale plattformer. Sjølv informerer gruppa om at det er mange hacktivistar rundt i verda, og at dei ikkje kan ta ansvar for kva andre under namnet Anonymous gjer. Gruppa brukar Guy Fawkes-maska for å skjule identiteten sin.

Diktet

«Remember, remember

The fifth of November

The Gunpowder, treason and plot;

I know of no reason

Why the Gunpowder treason

Should ever be forgot»