Armand Duplantis, som mange kallar Mondo, er den beste i verda til å hoppa stavsprang. I Tokyo vann han gull i VM for tredje gong på rad. Etter at han hadde sikra seg sigeren, bestemte han seg for å prøva noko endå vanskelegare – å hoppa 6,30 meter!
På det tredje og siste forsøket klarte han det. Dermed fekk han sin 14. verdsrekord!
– Eg er mållaus. Eg er berre så glad, sa Duplantis etter hoppet.
Armand har vore verdas beste sidan 2020. Han vart fødd i USA, men hoppar for Sverige fordi mora hans kjem derfrå. Ein av grunnane til at han er så god, er at han spring veldig fort før han hoppar, skriv News for Kids.
Andre utøvarar er fulle av beundring. Den australske stavhopparen Kurtis Marschall sa dette om rekorden:
– Mondo er frå ein annan planet. Han gjer utrulege ting – ting mange trudde var umoglege. Eg kan ikkje venta med å sjå kva han får til i framtida.
No trur mange at Armand snart vil prøva å hoppa endå høgare – kanskje heilt opp til 6,40 meter!