Ekstrem rustning – forskar har aldri sett makan

Ankylosaurus er ein dinosaur kjend for sitt pansra skal. Forskarar har studert det som skal vere ein tidlegare variant av denne dinosauren, og rustninga til denne typen er «hakesleppande».

Dinosauranes regjeringstid er delt opp i tre periodar: trias, jura og krit. Saman utgjer desse tre æraen mesozoikum, som varte i 180 millionar år.

Ankylosaurus dukka opp i den siste perioden for dinosaurane – krittida. Ein tidlegare variant av dinosauren fanst allereie rundt starten av juratida, men grunnlaget for slektskapet var basert på berre éin liten del av skjelettet. No har dei funne eit meir velbevart fossil i Marokko, og skjelettet er heilt utanom det vanlege.

KJEND FORM: Dette er ein ankylosaurus. Han har eit tjukt lag på overdelen av kroppen, eit pansra skal. Legg òg merke til klubben på halen som vart brukt som våpen. Vi kan trekkje likskap mellom fortidas ankylosaurus og notidas beltedyr. Foto: TotalDino | Wikimedia Commons

– Mykje rarare enn nokon kunne tenkje seg

Dinosauren blir kalla «Spicomellus afer», eller berre Spicomellus. Han har lange piggar som stikk ut frå kroppen, som ei forlenging av skjelettet.

Paleontolog og professor Susannah Maidment var ho som, saman med sitt team, namngav dinosauren. Ein paleontolog er ein forskar som finn ut om forhistorisk tid ved hjelp av fossil.

På heimesidene til Natural History Museum fortel ho om reisa frå det første funnet i 2019 til det større funnet i 2023. No har ho og fleire forskarar skrive ein artikkel om Spicomellus.

PALEONTOLOG: Professor Susannah Maidment er ein av leiarane for forskingsprosjektet. Her held ho eit ribbein frå Spicomellus, som syner at piggane til dinosauren vaks rett ut frå skjelettet. Foto: © The Trustees of the Natural History Museum, London

– Då vi namngav Spicomellus, var vi usikre på om det var ein ankylosaurus i det heile tatt, seier ho.

– No veit vi utan tvil at det var rett, men vi veit også at Afrika sin einaste kjende ankylosaurus er mykje rarare enn nokon kunne tenkje seg.

Uvanleg forsvar

– Rustninga til Spicomellus er hakesleppande rar, sa medforskar Richard J. Butler ifølgje nyhendebyrået Reuters.

MEDLEIAR: Professor Richard J. Butler er òg ein av leiarane av prosjektet. Fossila fann dei i Marokko. Foto: © The Trustees of the Natural History Museum, London

Piggane som stikk ut av skjelettet heng direkte saman med beina. Dette er heilt uvanleg. Vanlegvis er slike piggar festa i huda, ikkje beina.

– Det er heilt ulikt noko dyr, levande eller døydde. Faktisk har vi veldig liten forståing av korleis denne dinosauren bevegde seg i det heile tatt, seier Susannah.

I tillegg er piggane rundt nakken lange. Dei lengste av desse piggane er rekna med å ha vore meir enn ein meter lang. Ein teori er at dei var der for å trekkje til seg paringspartnarar eller vise seg fram for rivalar. Å ha brukt dei som våpen er noko forskarane ser på som vanskeleg.

SPICOMELLUS: Dinosauren framstilt som dei trur han kan ha sett ut. Foto: Mark Dempsey

Det er ikkje godt å seie kor praktiske piggane var. Faktisk kan dei ha vore veldig tunge å bere, som kan vere ein grunn til at etterkomaren i krittida kan ha utvikla seg til å gjere det lettare å bevege og forsvare seg.

Krittida var nemleg full av større rovdyr, som Tyrannosaurus.

LANGE PIGGAR: Piggane i nakken kan ha blitt så lange som ein meter. Dei finst langs heile lengda av dinosauren, og gjer at forskarane stussar over korleis han kunne bevege seg. Foto: Mark Dempsey

Kunne vore rosa

I eit intervju gjort av ung.forskning.no med dinosaurforskar Jørn Hurum, kjem det fram at det er mykje vi ikkje veit om dinosaurane.

Når det har gått så mange år, er det vanskeleg å finne ut av alt gjennom fossila. Det er ikkje mykje anna enn bein att når det er gått 65 millionar år eller – i Spicomellus sitt tilfelle – 165 millionar år.

– Dei kan ha vore rosa alle saman. Det veit vi ikkje, seier Jørn til Ung Forskning.