Sjølv om stortingsvalet er eit val for dei som er fødde i 2007 eller før, er Emilie Forbes Holmen klar på at stemma til barn er viktig for valet. Ho er prosjektleiar for Barnas val, eit opplegg som lar barn frå 5.–10. klasse kaste si stemme for kven dei vil skal styre i Noreg.
– Då er ein med og viser dei vaksne i Noreg korleis Noreg ville sett ut dersom barn fekk stemme, seier Emilie.
- LES OGSÅ: Barnas Val: Stem og sei kva du meiner
Barn har ikkje stemmerett, men…
Barnas Val er eit prosjekt som høyrer til Redd Barna. Inne på heimesida deira, kan barn og unge lære om politikk, demokrati og val.
Emilie meiner at ein må høyre på barn sine stemmer for å skape eit godt samfunn å leve i.
– Sjølv om barn ikkje har stemmerett, så har dei ei stemme – og dei har rett til å bruke den stemma, seier ho.
Alle har noko dei bryr seg om
Når ein snakkar om politikk og samfunn, så er det ord som kan bidra til at barn ikkje er så interesserte.
– Når vi brukAr ordet politikk, så er det mange barn som kan reagere med at «det bryr eg meg ikkje om», seier Emilie.
Men dette trur ho berre er fordi orda dekkjer så veldig mykje, og det derfor ikkje er enkelt å ta tak i.
– Når ein faktisk byrjar å snakke om saker som handlar om barn og ungdom, så har dei mange meiningar om det. For eksempel fritidsklubbar, korleis ein skal ha det på skulen, forklarar ho vidare.
Ho meiner at, når barn blir kjende med saker som handlar om dei, så ser barn og unge korleis det påverkar dei også. Dei blir meir engasjerte.
Fem store tema for barna
Barnas Val har laga sin eigen valomat. Her kan barn og unge finne ut kva parti som har like eller liknande meiningar som dei.
Ved å spørje fleire skuleklassar om å lage ring rundt tema som dei tykkjer er spanande, har Barnas Val kome fram til fem tema som er spesielt populære.
– Temaa barna er mest interessert i er fred og krig, klima og miljø, skule, fattigdom og ulikskap og innvandring og integrering, seier Emilie.
Direktesendt valresultat

Etter at barn frå 5. til 10. klasse har stemt, og avstemminga stenger 4. september før klokka 15:00, så vil det vere eit eiget arrangement for resultata.
Frå klokka 11:00 på fredag 5. september, skal NRK Super og NRK1 sende live frå Eidsvolls plass utanfor Stortinget.
Her vil vi få høyre kven det er som skulle få styrt landet dersom barna bestemte. Alle partileiarane vil vere til stades, og det partiet med mest stemmer vil få ein pokal frå Barnas Val.
– Då håpar eg at alle følgjer med, det er nok mange som skal sjå det på skulen, seier Emilie.
– Kva gler du deg mest til?
– Eg gler meg veldig til å sjå kor mange som stemmer, og å høyre om skulane har arrangert noko meir enn å gå inn på PC-en og trykke på den ein vil stemme på. Då er det litt meir stas, seier Emilie.
– Og så gler eg meg til å samanlikne resultata frå Barnas Val og Stortingsvalet
Ta valomaten til Barnas Val og finn ut kven du er mest einig med!