Håpar for framtida: Eg håper og vil at min heimplass skal vera sånn det er no

Eg liker Søvika og vil bu her i 2050 også.

Eg og min bestefar er venner og vil at øyane og holmane skal vere sånn dei er no. Og dei ikkje blir fjerna og lagd tunnelar der eller bruer. For vi likar og fiske og vere på havet. Og eg og han kan alle namna på øyane.

Eg håper at det er lov og jakte og fiske og at det ikkje blir bruer og tunnelar frå Søvika til  Ålesund. At det er mykje hjort og sånne hus sånn det er no i 2025. At det er snille folk som det er no. At det ikkje er store firkanta hus. Og eg håper det er masse natur og blomar.

Eg håper ikkje det blir krig i Noreg og i Søvik. At det ikkje blir mykje eksos og klimakrise. Og at det er mykje fisk som makrell, torsk, sei, lyr, kveite, og andre typar. At vi har fine bygningar.

Eg liker Søvika og vil bu her i 2050 også.

Lesarbrevet er éin av vinnarane av skrivekonkurransen om håp for framtida. Konkurransen blei arrangert av Framtida junior, Klimafestivalen Junior og Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les!