Denne artikkelen vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis Framtida.no.
5. januar var det nyttårsauksjon på fiskemarknaden i Tokyo.
Ifølgje Dagens Næringsliv er auksjonen ein peikepinn på korleis det står til med den japanske økonomien.
Prisrekord etter pandemien
I år sette ein blåfinna tunfisk ny prisrekord etter pandemien. Fisken vog 276 kilo og vart seld for om lag 15 millionar norske kroner (207 millionar yen).
Det er ein kilopris på over 54 000 kroner.
Fisken er på storleik med ein motorsykkel, og er den nest dyraste tunfisken som er seld i Japan sidan ein byrja registreringa i 1999.
Den dyraste fisken som vart seld i 2019 var berre to kilo tyngre, men gjekk for heile 333,6 millionar yen.
Lykke-fisk
Årets fisk gjekk til Michelin-restaurantane til Sushi Ginza Onodera. Dei har 20 restaurantar i Japan, USA og Kina, og fleire av desse har fått Michelin-stjerne.
– Årets første tunfisk bringar lykke. Me vil få folk til å smile med god mat, sa Shinji Nagao, direktør i Sushi Onodera, til engelskspråklege Kyodo News.
Dette er femte året dei kjøper den dyraste fisken på marknaden.
73 år gamal fiskar
Årets rekordfisk vart fanga nordaust i Japan, utanfor kysten av ein liten by kalla Oma.
Den 73 år gamle fiskaren, Masahiro Takeuchi, skildra det som ein draum.
– Eg er alltid uroa over kor mange fleire år eg kan utføra denne jobben, men eg er utruleg lukkeleg, sa han Kyodo News.