Krigen i Ukraina
- Krig mellom Russland og Ukraina
- Starta i februar 2022 då Russland invaderte Ukraina
- Årsaka til Russlands innovasjon var målet om å ta kontrollen over Ukraina
- Krigen har bakgrunn i Ukraina-konflikten som har gått føre seg sidan 2013
Kjelde: snl.no
Ein rapport frå Redd Barna viser at nesten halvparten av alle ukrainske born (1,9 millionar) no må nøye seg med undervisning frå heime, skriv Utdanningsnytt.
I tillegg er det mange ukrainske skuleborn som får undervisning på t-banestasjonar og i bomberom. Dette for å ta vare på tryggleiken om det skulle skje eit nytt angrep.
Brot på born sine rettar
Berre skular med tilfluktsrom som er store nok til å husa alle elevar og tilsette, får lov å halde ope som vanleg. I visse område er alle skulane stengt grunna faren for angrep frå Russland.
– Å angripe bygningar som blir brukt til undervisning, er både eit krigsbrotsverk og eit brot på barn sin rett til utdanning. Skular er barn sin arena for å skapa seg ei framtid, også i krig, seier Henriette Westhrin, generalsekretær (leiar) i Redd Barna, til Utdanningsnytt.
Gladare av skule
Redd Barna sin rapport viser òg at 60 prosent av ukrainske born seier at krigen har fått dei til å miste lysta på læring.
FN reknar med at 1,5 millionar ukrainske born står i fare for å få psykiske problem, til dømes depresjon og angst, på grunn av krigen i landet.
– Å få gå på skule er svært viktig for barn si mentale helse. Der møter dei vennene sine og kan uttrykkja korleis dei har det. Det gir dei ei form for normalitet i ein elles kaotisk kvardag, seier Westhrin.