Jorda er delt inn i 24 tidssoner. Klokka er den same alle stadene som ligg i den same tidssona. Noreg ligg i tidssona Central European Time (CET).
På tysdag bad Det kvite huset i USA Nasa om å samarbeide med internasjonale organisasjonar og lage ei eiga tidssone for å kunne vite tida på månen. Det skriv The Guardian.
Fristen for å lage den nye tidssona er sett til 2026. Tidssona har fått namnet Coordinated Lunar Time (LTC), som betyr koordinert månetid.
Tidssona vil ikkje fungere heilt likt som på jorda. Fordi det er mindre tyngdekraft på månen, går sekunda fortare der. LTC vil derfor hjelpe romfartøy og satellittar til å ha betre kontroll på tida ting tar på månen.