Denne saka var først publisert hos Framtida.no, søsteravisa til Framtida Junior.
Førre veke vart det kjent at Australia droppar å søkje om å få arrangere fotball-VM for herrar i 2034. Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) stadfestar at Saudi-Arabia dimed står att som einaste søkjar.
Noregs fotballpresident Lise Klaveness likar ikkje at golfstaten er einaste kandidat. Ho meiner det gjer det vanskelegare å krevje at dei må følgje grunnleggjande menneskerettar.
– Det ser ikkje ut til å ha vore ein reell konkurranse om å arrangere VM i 2030 og 2034, og det verkar som Fifa-presidenten har vore svært aktiv i å sørgje for at dette blei resultatet, seier ho til NTB.
Meisterskapet i 2030 skal bli spelt i Uruguay, Argentina og Paraguay, og så vidare i Spania, Portugal og Marokko.
I 2022 vart fotball-VM arrangert i Qatar. Då blei vertsnasjonen kritisert for brot på menneskerettane og sportsvasking og Fifa skulda for korrupsjon i tildelingsprosessen.
Fifa har opplyst at søknaden frå Saudi-Arabia skal bli grundig evaluert opp mot gitte kriterium.
● Les også: I klårtekst: Difor er Qatar-VM «skamma sitt verdsmeisterskap»