Oppmodar alle til å delta i Pride-feiringar

Politiet legg planar for å sikra at årets Pride-markeringar blir trygge.

Politiets tryggingsteneste (PST) har komme med ei trusselvurdering knytt til årets Pride-feiringar, skriv Framtida.

I fjor vart ein LHBT-samlingsplass i Oslo åstad for ei masseskyting. Angrepet fann stad dagen før den planlagde Pride-markeringa i hovudstaden. I vurderinga seier dei at det kan skje eit nytt terrorangrep, men sannsynet er ikkje veldig høgt.

Oppmodar til å markera

Pridemånaden startar 1. juni, og mange vel å feira med å gå i tog, veiva med flagg og halda festar. Etter terrorangrepet i fjor har politiet lagt planar for å passa på at feiringane blir trygge.

– Vi skal sørgja for at rammene rundt arrangementa i år er varetekne slik at alle kan få ei trygg og god Pride-feiring. Politiet oppmodar alle til å markera og feira Pride som normalt, fortel Bjørn Vandvik frå Politidirektoratet.

Politiet seier ingenting om kva tiltak som blir innført for å sikra tryggleiken rundt arrangementa, men opplyser at ulike kommunar vil ha ulike planar.


Illustrasjonsfoto: Colourbox

Skal du feira pride i år?

Skal du feira pride i år?

Ja26
Nei151
Veit ikkje27
Svar totalt: 204