Supernytt droppar TikTok

NRKs nyheiter for barn, Supernytt, skal slutta å publisera nyheiter på TikTok. Det har toppleiargruppa i NRK bestemt.

  • TikTok er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance. Det vart starta i 2012 av Zhang Yiming.
  • I 2017 vart TikTok gitt ut for marknaden utanfor Kina.
  • TikTok er ikkje tilgjengeleg i Kina, men i 2016 lanserte ByteDance appen Douyin for den kinesiske marknaden.
  • TikTok og Douyin er identiske, men Douyin har andre retningslinjer.
  • TikTok er populært i Asia, USA og store delar av verda, og appen var tilgjengeleg på 39 språk per 2020.
  • I september 2018 var TikTok månadens mest nedlasta app i USA – den første kinesiske appen som har klart dette.
  • Per 2021 var det registrert éin milliard brukarar. Totale nedlastningar er omtrent tre milliardar per juni 2021.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

– TikTok er av mange årsaker problematisk. Det gjer at me skal vera ekstra restriktive i publiseringa mot dei yngste brukarane. Den resterande publiseringa me gjer på Tiktok skal spissast mot tenåringane, seier sosiale medium-rådgivar Merethe Åsegård i NRK.

TikTok er eit kinesisk sosialt nettverk der brukarane kan dela korte videoar, i all hovudsak gjennom ein mobilapp. Videoane inneheld ofte song-miming, humor, dans eller matlaging.

GIF: Giphy.com