Dette betyr dei ulike regnbogeflagga

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også lesa om at Raud Ungdom vil ha køyreopplæring inn i skulen.


Du kjenner nok att regnbogeflagget, men kanskje har du sett andre fargerike flagg vaie i Pride-paradar?

Dette er ein kjapp gjennomgang på nokre av dei vanlegaste regnbogeflagga og kva dei ulike fargekombinasjonane tyder: 

(Psst! Om du synest nokre av orda er vanskelege, sjekk ut denne ordlista frå Skeiv Ungdom eller denne frå Framtida.no-arkivet!)

Regnbogeflagget

Det opphavelege regnbogeflagget kjem frå San Fransisco i 1978, og er eit symbol på stoltheit.

Flagget var skapt av amerikanske Gilbert Baker, og hadde eigentleg åtte horisontale striper i fargane rosa, raud, oransje, gul, grøn, turkis, indigo og fiolett. Det er to meir enn flagget vi oftast ser i dag.

Det progressive flagget

Flagget vart laga i 2018 av den grafiske kunstnaren Daniel Quasar, for å tydeleg inkludere ikkje-kvite skeive og transmiljøet.

Quasar tok utgangspunkt i regnbogeflagget, men la til fargane frå transflagget, samt brun og svart for å representere ikkje-kvite.

Den svarte stripa har òg ei dobbelmeining, og skal representere dei som lever med aids og fordommane knytte til sjukdomen.

Flagget for lesbiske

Det finst mange ulike variantar av flagg som syner lesbisk stoltheit, men eit av dei populære flagga vart laga i 2018 og er sett saman av ulike nyansar oransje og rosa. Det finst både med sju striper og med fem striper.

Flagget for bifile

Flagget som heidrer bifile vart skapt i 1998 av Michael Page, som ville synleggjere bifile som ei eiga gruppe innanfor den større skeive rørsla og i samfunnet som heilskap.

 

Flagget for transpersonar

Flagget som signaliserer trans-stoltheit vart skapt i 1999 av Monica Helms. Ho er ei amerikansk transkvinne og marineveteran. Flagget vart først veiva året etter under Pride-paraden i Phoenix.

Det første flagget ho skapte heng no på Smithsonian Natural Museum of American History.