Stort energigjennombrot i USA

Forskarar håpar no at kjernekrafta fusjon kan gi miljøvenleg energi.

Denne veka kunne den amerikanske energiministeren fortelje verda at dei har fått eit gjennombrot når det kjem til fusjonsteknologi.

Fusjon er ein prosess som skjer på atomnivå. Det er slik nye grunnstoff blir danna. To forskjellige atomkjernar smeltar saman under høg varme til eit nytt grunnstoff. Når dette skjer blir det frigjort energi.

Det er dette som skjer i sola, når hydrogen blir til helium. Sjølv om prosessen skjer naturleg i stjerner, har det vore vanskeleg å nytte for menneske. Det er fordi oppvarminga krev mykje energi.

No har forskarar likevel fått til denne prosessen på ein god måte. Dei har frigjort meir energi frå prosessen enn dei treng for å drive med fusjon. Det tyder at det er mogleg å bruke fusjon som ei energikjelde.

Fusjon er ein type kjernekraft, men kjernekrafta som blir brukt i dag er fisjon. Då blir atomkjernar spalta opp, i staden for å bli smelta saman. Med fisjon får ein radioaktivt avfall, som blir brote ned veldig sakte. Fusjon har derimot ikkje noko avfall, og er difor ei miljøvenleg energikjelde.

Førebels vil det ta tid før fusjonskraft blir produsert i stor skala, men dette gjennombrotet viser at det er mogleg.


RADIOBILAR: Det er over 30 år sidan radiobilane har vore i bruk. Foto: Wikipedia