Verdas verste atomulykke i Tsjernobyl

Du har kanskje høyrt om Tsjernobyl-ulykka i Ukraina. Etter at det blei TV-serie av hendinga har folk igjen byrja å snakke om den grufulle natta som endra historia vår.

I år er det 33 år sidan verdas verste atomulykke tok livet av mange tusen menneske og dyr.

Natt til 26. april i 1986 eksploderte ein reaktor ved kjernekraftverket i Tsjernobyl i dåverande Sovjetunionen.

Enorme mengder radioaktive partiklar blei ført nordover med vindstraumar. Dette kom også heilt til Noreg.

REAKTOR 4: Det var her ulykka skjedde, då reaktor 4 blei overoppheita og eksploderte. Foto: Pixabay

Svært farleg stråling

Mange tusen mennesker døde av skadane dei fekk. Brannmenn og politimenn som var med på sløkkinga fekk så mykje stråling i seg at dei døde. Det russiske nyheitsbyrået Itar/Tass reknar med at rundt 30.000 menneske har gått bort som følgje av strålinga, skriv VG. Talet på omkomne etter Tsjernobyl er omdiskutert, og eit nøyaktig tal er vanskeleg å fastslå. Nokre meiner talet er langt mindre.

Kjernekraftverk lagar straum. Grunnen til at dette var så farleg var at reaktoren der kjerneenergien blei produsert eksploderte. Det frigjorde radioaktiv stråling som er svært skadeleg.

– Store mengder radioaktivt stoff kom som nedbør over Nord-Trøndelag, Nordland, Jotunheimen og Valdres, fortel forskar Runhild Gjelsvik i Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet til NRK.

Det radioaktive stoffet la seg over lav, vekstar og vatn. Derfor var det bøndene og reindriftsnæringa som blei hardast råka.

Russland har framleis 11 reaktorar som er av typen ved Tsjernobyl, men det er gjort fleire tiltak for å gjere desse tryggare.

FRÅFLYTTA BY: Alle som budde i byen måtte flytte, og etterlot seg ein by som har stått så og seie urørleg sidan 1986. Foto: Pixabay

Kva kan radioaktiv stråling føre til?

  • Store mengder radioaktiv stråling kan skade celler og DNA i kroppen.
  • Cellene vil stort sett klare å reparere DNA-skader sjølv, men nokre gongar kan ei
    skade utvikle seg til kreft seinare i livet.
  • Risikoen for å få kreft er større om ein får mykje stråling.
  • Cesium (Cs-137) var eit av dei radioaktive stoffa som blei spreidd frå Tsjernobyl i 1986.
  • I tillegg blei det spreidd radioaktivt jod.
  • Radioaktivt jod og cesium er blant stoffa som gir størst helserisiko, som blant anna kan føre til kreft i skjoldbruskkjertelen. Kilde: TU, forskning.no.
SPØKJELSESPARK: Tivoliparken ser ut som ein attgrodd spøkjelsespark. Parken har ikkje vore brukt sidan ulykka. Foto: Pixabay