Kviss: Har du fulgt med på nyheitene etter nyttår?

Me er godt inn i januar 2022, og allereie er det mykje som er skjedd i verda. Kva har du fått med deg?

Prøv deg på denne. Lukke til!

Quiz: Kviss: Har du fulgt med på nyheitene etter nyttår?

  1. Spørsmål 1 av 10

    1.

    Kor gammal er verdas eldste person?

    • 119 gongar hurra!

      Den japanske kvinna Kane Tanaka feira 119 år forrige veke. Ho er svak for brus og sjokolade, så kanskje det er nøkkelen til eit enormt langt liv?

    • Det var dessverre feil.

      Den japanske kvinna Kane Tanaka feira 119 år forrige veke. Ho er svak for brus og sjokolade, så kanskje det er nøkkelen til eit enormt langt liv?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 10

    2.

    Kven vann Tour de Ski samanlagt?

    • Det stemmer!

      Sjur Røthe kom seg først opp monsterbakken i Val di Fiemme, men Johannes Høsflot Klæbo stakk av med samanlagtsigeren for herrar. På damesida kom Heidi Weng først opp monsterbakken, men enda på tredjeplass samanlagt. Natalja Neprjajeva vann touren samanlagt, som første russiske kvinne.

    • Det var feil.

  3. Spørsmål 3 av 10

    3.

    Mesternes Mester på NRK er i gong med ein ny sesong, med ny programleiar. Kva heiter han?

    • Det visste du!

      Aksel Lund Svindal tok over som programleiar for Dag Erik Pedersen i forkant av årets sesong.

    • Det var bom!

      Aksel Lund Svindal tok over som programleiar for Dag Erik Pedersen i forkant av årets sesong.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 10

    4.

    Kva tennisspelar har vore i hardt vêr i det siste, grunna koronapandemien?

    • Stemmer, det!

      Novak Djokovic skulle til Australia for å spele om Australian Open-tittelen, men har fått eit uventa langt opphald på immigrasjonshotellet i Melbourn.

      Han skal nemleg ikkje ha teke koronavaksine, noko som er påkrevd for å sleppa inn i Australia med mindre ein har medisinsk fritak frå vaksinen. Opphaveleg hadde Djokovic fått visum til landet, men det vart så inndrege av styresmaktene.

    • Feil!

  5. Spørsmål 5 av 10

    5.

    Dei mest populære hunde- og kattenamna for 2021 var nyleg offentleggjort. Kva var dei vanlegaste namna – både for kattar og hundar?

    • Det er heilt rett!

      Luna og Milo er på topp på både kattelista og hundelista, og der har dei vore fleire år på rad. Visste du forresten at Luna betyr måne, medan Milo betyr kjær og mild?

    • Det var ikkje rett.

      Luna og Milo er på topp på både kattelista og hundelista, og der har dei vore fleire år på rad. Visste du forresten at Luna betyr måne, medan Milo betyr kjær og mild?

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 10

    6.

    Kva nordmann er nominert til månadens spelar i Premier League i desember?

    • Heilt rett!

      Arsenal-spelar og nordmann Martin Ødegaard er ein av sju spelarar som er nominert til månadens spelar i Premier League.

      Går han av med sigeren i kåringa, blir Ødegaard den første nordmannen som nokon sinne får den gjeve tittelen, skriv VG.

    • Bom!

      Arsenal-spelar og nordmann Martin Ødegaard er ein av sju spelarar som er nominert til månadens spelar i Premier League.

      Går han av med sigeren i kåringa, blir Ødegaard den første nordmannen som nokon sinne får den gjeve tittelen, skriv VG.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 10

    7.

    Kva namn har ekstremvêret som er på veg inn over Vestlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag fått?

    • Stemmer – ekstremvêret har fått namnet Gyda.

      Det er meldt ekstremt mykje regn sør i Trøndelag og i Møre og Romsdal onsdag og torsdag. No har ekstremvêrett fått namnet Gyda og er på raudt farenivå.

    • Feil – ekstremvêret har fått namnet Gyda.

      Det er meldt ekstremt mykje regn sør i Trøndelag og i Møre og Romsdal onsdag og torsdag. No har ekstremvêrett fått namnet Gyda og er på raudt farenivå.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 10

    8.

    Kva heiter varianten av koronaviruset som no smittar mange i Noreg?

    • Dette visste du! Varianten heiter sjølvsagt omikron.

    • Det var feil. Varianten heiter omikron.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 10

    9.

    Kven av desse artistane skal ikkje vera med på MGP i 2022?

    • Dette hadde du full kontroll på! Astrid S skal ikkje vera med på MGP i 2022.

      Det skal derimot desse artistane:
      NorthKid
      Subwoolfer
      Christian Ingebrigtsen
      Anna-Lisa Kumoji
      Elsie Bay
      Lily Löwe
      Steffen Jakobsen
      Farida
      Daniel Lukas
      Mari Bølla
      Oda Gondrosen
      Sturla
      Vilde
      Alexandra Joner
      Maria Mohn
      Kim Wigaard
      Sofie Fjellvang

    • Feil! Astrid S skal ikkje vera med på MGP i 2022.

      Det skal derimot desse artistane:
      NorthKid
      Subwoolfer
      Christian Ingebrigtsen
      Anna-Lisa Kumoji
      Elsie Bay
      Lily Löwe
      Steffen Jakobsen
      Farida
      Daniel Lukas
      Mari Bølla
      Oda Gondrosen
      Sturla
      Vilde
      Alexandra Joner
      Maria Mohn
      Kim Wigaard
      Sofie Fjellvang

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 10

    10.

    Kven vart kåra til månadens europeiske friidrettsutøvar for desember?

    • Yes – det er rett!

      Jakob Ingebrigtsen vart kåra til månedens europeiske friidrettsutøver for desember, då han vann EM i terrengløp.

    • Feil.

      Jakob Ingebrigtsen vart kåra til månedens europeiske friidrettsutøver for desember, då han vann EM i terrengløp.

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering: