Mali Berg Zetterstrøm trur den ulike behandlinga av gutar og jenter kan skuldast ulike forventningar til kjønna.
– Både foreldre, trenarar, lærarar og andre vaksne har veldig ulike forventningar til jenter og gutar heilt frå dei er små. Gutar skal vera tøffe og sterke, medan jenter skal vera små og søte, seier Mali.
Ho er spiss på J15-laget og har opplevd ulik behandling på fotballbana så mange gongar at ho nyleg valte å senda eit brev til Sunnmøre Fotballkrets for å gje beskjed.
I brevet skreiv Mali at ho opplever at dommarar gjer forskjell på jenter og gutar på banen, og at dei ikkje tillèt jenter å takla like hardt som gutane.
– Fleire dommarar blæs for tidleg, spesielt i skulderpressing og sklitaklinger. Dersom den som blir takla, dett, blir det blåse med éin gang. Det er same dommarar som dømmer jenter og gutar, så det er enkelt for meg å sjå skilnaden, fortel ho.
Jenter skal ikkje banna
Når det kjem til ordbruk meiner Mali at det også er forskjellar på kva dommarane tillèt.
– Det var ei jente på laget mitt som bante under kampen. Då fekk ho streng beskjed om at jenter ikkje skal banna. Eg er einig i at ein skal passe på språkbruken på bana, men same reglar må gjelda for gutar og jenter, seier ho.
Mali har sjølv sagt ifrå til dommarar både under og etter kampen, og har fått beskjed om at det er forskjell på gutar og jenter som speler fotball.
– Då har eg svart at me driv med same idrett, og at eg reknar med at me skal bli dømde liktm Men då ler dei berre, fortel ho.
Lite profesjonelt
Ho opplever at det er stor skilnad på dommarar.
– Nokon er flinke. Eg opplever at dei er meir sikre på seg sjølv. Dei er meir profesjonelle og dømmer likt, seier Mali.
Ho har lagt merke til at gutar og jenter blir behandla forskjellig i andre idrettar også.
– Maren Lundby får ikkje hoppa i den høgaste bakken, Marit Bjørgen fekk kritikk for å visa musklane, og i ishockey får ikkje kvinner takle i det heile. Dette er eit problem som er mykje større enn det som skjer på fotballbana, seier ho.
Ho synest det er keisamt å oppleve at satsinga i ein idrett blir prega av ulik dømming.
– Det kan fort bli slik at gutane får spela ein kontaktsport på fotballbana, medan jentene ikkje får gjera det. Viss ikkje det skjer ei endring no, seier Mali.
Men ho trur det er ein lang veg å gå for å endra haldningane.
– Me må halde fram med å gje beskjed. Eg opplever at eg blir tatt på alvor, og det kjennest godt. Så håpar eg at alle dommarar, trenarar, lærarar og foreldre er med på å endre dette på alle arenaer.
Oppgitt Hegerberg
Fotballspelaren Andrine Stolsmo Hegerberg seier til NRK at ho blir oppgitt av å høyra opplevingane til Mali.
– Ei femten år gammal jente skal ikkje måtta stå opp for likestilling på fotballbanen fordi ho har bant eller takla litt. Det er unge jenter som drøymer om å bli gode fotballspelarar, så ved å ikkje la dei få moglegheita til å spela fysisk fotball med kjensler og engasjement, så skal det bli tøft å utvikla seg i den sporten her, seier ho.
Dagleg leiar i Sunnmøre Fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg, seier til NRK at dommarane ikkje får beskjed om å forskjellsbehandle gutar og jenter. Han seier at det den unge fotballspelaren opplever ikkje er greitt, og at dette no vil bli eit tema på fagsamlingene.
– Når folk står fram og fortel dette her, så er det openberra at vi må gjera noko med det, meiner Haukeberg.