Torsdag offentleggjorde Unicef ein ny rapport som viser at koronapandemien har ført til at mange fleire barn i verda har det vondt.
Rapporten viser mellom anna at:
- 100 millionar fleire barn har hamna i fattigdom. Dette er ein auke på 10 prosent sidan 2019.
- Ni millionar fleire barn står i fare for å døy av alvorleg underernæring innan utgangen av 2022. I dag er talet 50 millionar.
- Rundt 10 millionar fleire barn kan risikere å bli gifta bort innan dette tiåret er omme på grunn av pandemien.
- Talet på barnearbeidarar ligg an til å auke med 9 millionar innan utgangen av 2022, frå dagens 160 millionar.
Rapporten viser også at det er endå større skilnadar mellom fattige og rike land. Medan rike land greier å byggje seg opp igjen etter pandemien har herja, slit fattige land med gjeld.