For nokre av dei som utviklar skulevegring, kan det ta lang tid før dei føler at dei er klar for å gå på skulen att, skriv NRK.
Det gjer at mobbeombod i Trøndelag, Hans Lieng, er bekymra.
– Nokre får eit fråver der dei nesten ikkje er på skulen i eit eller to år. Då tapar dei mykje av det faglege og den sosiale utviklinga, seier han til NRK.
Kva er skulevegring?
- Skulevegring er når ein ikkje har lyst til å gå på skulen, men ikkje klarar det. Årsaken kan mellom anna vera at ein ikkje føler seg trygg der.
Kvifor kan ein få skulevegring?
- Mange av dei som utviklar skulevegring, har opplevd mobbing, saknar vennene sine på skulen eller opplever å ikkje vera særleg tett med lærarane sine.
Kva kan du gjera viss du trur du har skulevegring?
- Snakk med ein trygg vaksen, og fortel korleis du føler det inni deg. De kan saman laga ein plan om korleis skulen skal bli ein trygg plass att.