FAKTA OM GRASHOPPER:
- Grashoppe er ein orden av insekt. Ordenen blir òg kalla rettvengje.
- Det finst over 20 000 kjende artar i verda.
- I Noreg har vi 25 frittlevande grashoppeartar, og dessutan tre som mennesket har innført.
- Grashoppene er grupperte i 17 familiar. Somme held til på gras, medan andre lever underjordisk.
- Dei fleste grashoppene er planteetarar. Fleire artar er rovdyr og et insekt. Somme et mark.
- Grashoppene går gjennom ei ufullstendig forvandling. Det vil seie at det kjem ut ei lita utgåve av ein vaksen når egget klekkjer. Dei har med andre ord ikkje noko larvestadium. Dei unge grashoppene blir nymfer, og dei veks seg større gjennom ein serie hudskifte.
Når grashoppene kjem, ser dei ut som ei mørk sky på himmelen. Dei reiser frå åker til åker og et alt det grøne, skriv Ung.Forskning.no.
I år har kjempesvermar øydelagt avlingar i Kenya, Etiopia og Somalia i Afrika. Dei har også herja i India, Pakistan og fleire andre land.
“Vandregrashopper” lever oftast i fred for seg sjølv, men enkelte år går dei saman i svermar og blir kjempemange. Når dei slår seg saman, skiftar dei farge og oppfører seg annleis. Det skjer når det har vore fuktig vêr. Det likar nemleg grashoppene.
Sender ut stoff
No har kinesiske forskarar testa ut kva det er som gjer at grashoppene samlar seg i store svermar. Dei fann at grashoppene sender ut eit feromon. Eit feromon er eit slags stoff som dyr og insekt sender beskjedar til kvarandre med. Dei gjer det mellom anna gjennom svette.
No håpar forskarane at dei kan lage feller med stoffet. Slik at dei kan fange mange av grashoppene utan å bruke giftig insektmiddel.
Det største problemet
Den nye forskinga vart gjort på “vandregrashopper”, men det er “ørkengrashopper” som har gjort størst skade på avlingane i år. Forskarane har ikkje testa om ørkengrashopper reagerer på lik måte som vandregrashoppene. Det er likevel sannsynleg at det forskarane har funne kan nyttast for å stoppe ørkengrashoppene også.