Grashopper truar matforsyninga i Aust-Afrika

Sverminga er den verste på 25 år, og grashoppene truar mattryggleiken i nokre av dei mest sårbare landa i verda.

Fakta om grashopper:
  • Grashoppe er ein orden av insekt. Ordenen blir òg kalla rettvengje.
  • Det finst over 20 000 kjende artar i verda.
  • I Noreg har vi 25 frittlevande grashoppeartar, og dessutan tre som mennesket har innført.
  • Grashoppene er grupperte i 17 familiar. Somme held til på gras, medan andre lever underjordisk.
  • Dei fleste grashoppene er planteetarar. Fleire artar er rovdyr og et insekt. Somme et mark.
  • Grashoppene går gjennom ei ufullstendig forvandling. Det vil seie at det kjem ut ei lita utgåve av ein vaksen når egget klekkjer. Dei har med andre ord ikkje noko larvestadium. Dei unge grashoppene blir nymfer, og dei veks seg større gjennom ein serie hudskifte.

Kjelde: snl.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Nordaust i Kenya vart det denne veka meldt om ein grashoppesverm som var 60 kilometer lang og 40 kilometer brei, skriv Munin.Buzz.no.

Det opplyser Intergovernmental Authority on Development. Det er ein organisasjon som jobbar med utvikling i landa i Nordaust-Afrika og på Afrikas Horn. Organisasjonen ser auken i grashoppebestanden som ei farleg utvikling.

Ein gjennomsnittleg sverm kan nemleg dagleg øydeleggje avlingar som kunne ha metta  2.500 menneske.

Kraftig flaum

Delar av regionen har hatt uvanleg kraftig flaum dei siste vekene, noko som får følgje for grashoppebestanden. Ørkengrashoppe har vore ein trussel mot jordbruksproduksjonen i Afrika i fleire hundre år. Svermingane har komme meir eller mindre jamleg.

I tillegg til Kenya, er òg Somalia, Etiopia, Sudan, Djibouti og Eritrea ramma, og Sør-Sudan og Uganda blir rekna for å vere i faresona.

Dårleg mattryggleik

Utbrotet forverrar ein allereie dårleg mattryggleik i regionen, åtvarar FNs mat- og landbruksorganisasjon.

For å førebyggje og kontrollere utbrota må styresmaktene sprøyte svermane frå lufta. I Etiopia opplyser styresmaktene at dei har teke i bruk fire fly for hjelpe til med å få bukt med grashoppeinvasjonen.

Det var NTB som fyrst omtala saka.