Ekstrapremien var forfattarbesøk

Som ein premie i ein tidlegare skrivekonkurranse som handla om biografiar fekk ein skule besøk av forfattaren av boka "Som ein bror" av Alfred Fidjestøl.

Tid for ti arrangerte ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior.

Tema for konkurransen var biografi. Vinnaren av skrivekonkurransen blei Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand skule. Han skreiv om Greg Heffley frå bøkene En pingles dagbok. Les vinnarteksten her

STOLT VINNAR: Lucas Persche-Maudal (12) er vinnar av skrivekonkurransen arrangert av Foreningen !Les og Framtida junior. Foto: Katrin Persche

Ekstrapremie til ei heil klasse

I tillegg plukka vi ut ein klasse som vinnar av forfattarbesøk av Alfred Fidjestøl. Han har skrive biografien om Julius og eit utdrag frå boka har vore med i Tid for ti dette skuleåret. Sjå meir her

Den heldige vinnar av forfattarbesøk blei Høvik skole i Lier.

Tysdag 16. juni fekk elevane på 7. trinn høyre Fidjestøl fortelje engasjert om livet til Julius.

Biograf: Forfattar Alfred Fidjestøl på besøk hos 7. trinn ved Høvik skole i Lier.