VINNARTEKSTEN: Biografi om Greg Heffley

Korleis trur du det ville vore om det var seld 203 millionar bøker om deg? Slik er det for Greg Heffley, hovudpersonen i bøkene En pingles dagbok.

Greg er ein uvanleg gutt. Uvanleg på ein dårleg måte. Han tenker ikkje særleg godt gjennom dei tinga han gjer, og han er ganske sjølvopptatt.

STOLT VINNAR: Lucas Persche-Maudal (12) er vinnar av skrivekonkurransen arrangert av Foreningen !Les og Framtida junior. (Foto: Kristin Persche)

Mora og faren til Greg er heilt normale. Mora jobbar heime, og faren er reknskapsførar. Greg er den mellomste av tre brør. Storebroren Rodrick spelar i eit band som heiter «Full bleie» og lagar dårleg musikk. Rodrick er ikkje særleg snill med Greg, og dei hamnar ofte i krangel. 

Lillebroren heiter Manny, og er veldig plagsom. Han gjer mange slemme ting, men mora trur han er ein engel.

Lyg og kranglar

På skulen har Greg ein venn. Han heiter Rowley, og er liten og tjukk. Han er med på alt det Greg gjer, og oppfører seg som ein liten baby. Foreldra til Rowley likar ikkje Greg, fordi dei meiner han får Rowley til å gjere så mange dumme ting. Greg hamnar ofte i krangel med foreldra til Rowley.

På skulen er Greg den dårlegaste i klassen på alt, og han lyg mykje for å prøve og få venner. Han likar ikkje å snakke med Rowley på skulen, fordi dei andre synest Rowley er så barnsleg.

Brøytebilen brøyta alle vekk

Men på fridtida finn Greg og Rowley på mykje rart. Ein gong var det snøballkrig mellom dei som bur i Bakken, der Rowley og Greg bur, og dei som bur på Flaten. Dei på Flaten ville ake i Bakken, men det ville ikkje dei i Bakken gi lov til. Då blei det krig. Det enda med at brøytebilen brøyta alle vekk.

Ein gong måtte Rowley bu hos besteforeldra på Flaten, og då ville ikkje Greg vere med han meir. Det blei krig då og, men dei blei venner att til slutt.

Løyen karakter

Mange likar å lese om Greg fordi han er løyen og gjer mange dumme ting. Alle tankane hans er så store at det aldri kjem til å skje.

Det er Jeff Kinney som har skrive bøkene om Greg Heffley. På engelsk heiter bøkene Diary of a wimpy kid. Jan Chr. Næss har omsett bøkene til norsk.