Verdas einaste flygande pattedyr

Visste du dette om flaggermusa?

Ekkolokalisering

Flaggermus brukar ekkolokalisering til å navigere når dei flyg, og til å lokalisere byttedyr, som for det meste er insekter.

Ekkolokaliseringssignala er korte, høgfrekvente lydar i rask rekkefølge. Dette sender dei ut for å finne ut kvar maten er.

Kjelde: Zoologi.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Mange trur at flaggermus er blodsugande dyr, men her i Noreg lever dei berre av insekt. Det er faktisk ingen flaggermus i Europa som lever av å suge blod.  Men i Sentral- Og Sør-Amerika finst det flaggermus som gjer det. Då fyrst og fremst frå kveg.

Flaggermus er dei einaste pattedyra som kan flyge. Eit pattedyr er dyr som diar barna sine gjennom å gi brystmelk. I Noreg er det registrert 13 artar av flaggermusa.

Brukar lydbølger til å finne mat

Flaggermusa er ikkje blind, slik som mange trur. Dei har godt syn, og dei høyrer også veldig godt. Det gjer dei ved å ekkolokalisere. Det vil seie at dei brukar lydbølgjer som vert kasta fram og tilbake frå gjenstandar. (Sjå faktaboks).

Mange trur at flaggermusa angrip menneska, men det er ikkje heilt sant det heller. Det kan kanskje opplevast slik dersom det kjem ei flaggermus flaksande ned frå eit tak eller liknande. Grunnen til at det ser ut som dei stuper er fordi dei heng opp-ned. Når dei skal kome seg vidare, må dei sleppe taket og falle, før dei får luft under vengane til å flyge.

Flaggermusa er freda

Om hausten er det paringstid for flaggermusa, men når det begynner å bli kaldare finner dei plassar for overvintring. Då går dei i dvale og heng oppned etter beina. Dei overvintrar ofte i grotter, treveggar, i gamle uthola tre, på lofta og i pipekledinga.

Etter norsk lov er flaggermusa freda. Dei står oppført på den raude lista over truga artar.

(Kjelde: Zoologi.no og natgeo.no)