Vi har altfor mange spørsmål, så Framtida junior tok kontakt med biolog Åsmund Husabø Eikenes. Han kan nemleg gi oss svaret.
Kva kom fyrst – høna eller egget?
– Egget kom fyrst, fordi gjennom evolusjonen ser ein at dei dyra som la egg kom før fuglane.
– Stamfedrane til fuglane la også egg.
– Alle levande skapningar på jorda stammar frå fisk i havet. Gjennom millionar av år utvikla nokre av desse dyra seg, og nokon la egg i sjøen, kraup opp på land og fortsette å legge egg.
Korleis kom høna ut av egget?
– Sjå føre deg ein dinosaur som legg mange, mange egg. Etter kvart så kjem det nokre egg, der nokre av krypa har meir fjør enn det som var vanleg. Over lang tid fekk desse dyra egg der barna deira hadde endå meir fjør, som til slutt enda opp som høne og hane.
Ordforklaringar
- Evolusjon – Betyr endringar av artar. Døme: Fisken utvikla seg til å gå på land, som igjen utvikla seg til å flyge.
- Stamfedrane – Er den eldste kjente mannen i ei slekt