Kvar laurdag, fram til finalen 15. februar, skal alle dei fem landsdelane i Noreg konkurrere om å få sin artist med i finalen.
I tillegg til fire artistar kvar laurdag skal ein artist, som er garantert plass i finalen, framføre låten sin.
Desse skal konkurrere frå Sør-Noreg no på laurdag, 11. januar:
- Kim Rysstad med låten Rainbow
- Raylee med låten Wild
- Geirmund med låten Come Alive
- Lisa Børud med låten Talking About Us
Ein av desse fire artistane får gå vidare til finalen 15. februar.
Her kan du høyre songane frå Sør-Noreg.
I tillegg skal Sondrey opptre med låten Take My Time som er garantert ein plass i finalen.
Desse artistane er garantert ein plass i finalen 15. februar i Melodi Grand Prix:
- Didrik & Emil – Didrik Solli-Tangen var med i MGP i 2010 med vinnarlåten My Heart Is Yours
- Ulrikke – Ulrikke har vore med i MGP før, men du kjenner ho kanskje frå Stjernekamp?
- Akuvi – RnB/Soul-artist og låtskrivar. Søstera, Anna-Lisa, deltok i MGP 2019.
- Sondrey – Var med i Stjernekamp i 2019.
- Tone – Tone var med i MGP i 2009 med låten Butterflies. Då blei ho slått av Alekxander Rybak. No er ho tilbake.