Nederland vil ikkje lenger bli kalla Holland

I 2020 vil Nederland slutta å marknadsføra seg med kallenamnet Holland, slik håpar landet å spreie turistflaumen.

Visste du at Nederland og Holland ikkje er det same? Ikkje det? Det er kanskje ikkje så rart, for Nederland har sjølv marknadsført seg som Holland i ei årrekkje.

I oktober meldte The Guardian at nederlandske myndigheiter frå og med 2020 vil endra marknadsføringa av landet. Grunnen er at namnet Holland berre viser til to av dei fire regionane som utgjer Nederland.

Tulipanar er noko Nederland er kjent for. (Foto: Pixabay).

Overturisme i Amsterdam

Marknadsføringa har vist seg så effektiv at Nederland i dag er eitt av landa som slit med overturisme, ifølgje The Atlantic. Kvart år kjem 19 millionar turistar til landet, eit tal ein reknar med vil dobla seg i løpet av det neste tiåret.

Brorparten av desse turistane kjem til hovudstaden Amsterdam og den nye marknadsføringsstrategien er eit ledd i myndigheitene si satsing for å spreie turistane utover landet.

I november lanserte myndigheitene ein heilt ny logo, som kosta 200.000 euro. Logoen skal brukast av myndigheitene både nasjonalt og lokalt, samt ambassadar og organisasjonar som jobbar med myndigheitene.

Slik ser den nye logoen ut.