Då Marialinn Landmark og Sondos Ahmad starta på skulen etter ferien, var ei av dei fyrste oppgåvene dei fekk å lage ei fadderbok.
– Vi laga ei bok med teikningar, oppgåver og litt tekst der vi fortalte litt om oss som skulle få bli fadrar, fortel Marialinn.
– Fadderbarnet vårt fekk boka den fyrste gongen vi møtte ho, seier Sondos.
Spennande start
Alle tre var spente før det fyrste møtet. Dei visste ingenting om kven som blei sett saman som fadrar og fadderbarn.
– Det fyrste vi gjorde saman var å bla i fadderboka ilag. Maja fekk bestemme kva vi skulle gjere, så vi sette oss ned for å bla i den, fortel Marialinn.
– Eg har boka i sekken min, fortel Maja Sæverud Sagvåg som gleda seg veldig til å treffe jentene som skal vera ei ekstra støtte for ho gjennom heile 1. klasse.
– Fadderbarna får bestemme kva vi skal finne på, fortel SONDOS.
– Maja likar veldig godt å jobbe med fadderboka, eller å vera på den store reila ute, seier Sondos.
God hjelp
Maja opplevde at det å ha fadrar hjalp då ho skulle starte på skulen. Ho skulle berre ønskje ho såg dei litt meir.
– No er det slik at vi ikkje har friminutt på same tid, så vi gler oss til vi skal ha det samstundes, fortel Marialinn.
- klasse har nemleg friminutt åleine denne fyrste tida – sidan det er så mange elevar på skulen. Difor er fredagen sett av til felles leiketime for fadrar og fadderbarn.
– Av og til møtes vi på skulevegen også, om vi sluttar på same tid, fortel Marialinn.
– Eg skulle ønske eg såg dei litt meir. Eg gler meg til vi skal byrje å ha friminutt i lag, seier Maja.
Marialinn og Sondos håpar dei kjem til å halde kontakten med Maja etter fadderoppgåva er over.