Vi kan takke humlene og biene for kvar tredje matbit vi et, skriv Naturvernforbundet.
Humler er særleg viktige her i nord. Det er humla vi må takke for at vi har blåbær i skogen, at plantene i høgfjellet veks, og at vi har norske eple, agurkar og tomater.
Plant blomar humla er glad i
Har du ein hage eller balkong kan du hjelpe humlene ved å plante planter humlene likar. På balkongen kan du plante lyng, krokus, lavendel, prestekrager, blomkarse og urteplanter. I hagen kan du plante eit bed med lavendel, krokus, forglemmegei og blåklokker.
6 artar i fare
Noreg har eit rikt mangfald av humler og heile 35 av verdas cirka 250 artar er i landet vårt. Heile 14 prosent av verdas humleartar finst her. Difor har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på humlene. Men det hastar. 6 av Noregs 34 artar er i fare, melder Naturvernforbundet.