– Verda treng fleire humler

Framtida Junior har snakka med biolog Tor Bollingmo som forklarer kvifor humler treng fleire humlehus.

Humlene er ekstremt viktige. Utan humler er det mange planter som ikkje vil kunne formeire seg. Det gjeld også planter som vi menneske treng for å produsere mat.

Plantene treng nemleg humla si hjelp for å få overført pollenkorn frå blom til blom. Det er på denne måten plantene kan lage frø som blir til nye planter. Problemet er at humlene er sårbare, og fleire av verdas humleartar er truga.

LES MEIR: Du kan bygge huset humledronninga ønskjer seg

Treng hjelp

I byar, og på stader med mange hus og gater, er det vanskeleg for humler å finne gamle musereir eller andre fine rom der humla kan bu, fortel Tor som skriv om humler på nettsida humleskolen.no.

Difor kan vi hjelpe humlene ved å bygge humlekassar.