FAKTA: Kven er kven i illustrasjonen?
Tala i biletet viser til ulike dyr og organismar som levde i havet i kambrium-perioden. Nokre av artane er forskarane ikkje heilt sikre på, og derfor står det spørsmålsteikn ved enkelte namn.
- Scathascolex minor?
- Diagoniella cyathiformis
- Hyolithes sp.
- Modocia typicalis
- Ei alge som liknar Marpolia
- Leptomitella metta
- Peytoia nathorsti
- Pahvantia hastata
- Kubemanet
- Perspicaris? ellipsopelta
- Oesia disjuncta / Margaretia dorus
- Tuzoia guntheri
- Bathyuriscus fimbriatus
- Sphenoecium wheelerensis
- Canthylotreta marjumensis
- Castericystis vali
- Choia hindei
- Caryosyntrips camurus?
- Branchiocaris pretiosa?
- Gogia spiralis
- Buccaspinea cooperi
- Itagnostus interstrictus
- Chancelloria sp.
Kjelde: Pates et al. / Illustrasjon: Holly Sullivan
I over ein milliard år var livet på jorda ganske enkelt. Mange av skapningane som flaut rundt i havet, bestod av berre éi celle. Dei fleste skapningane som hadde fleire celler, var også ganske enkle, skriv ung.forskning.no.
Men for rundt 540 millionar år sidan skjedde det noko.
På kort tid dukka det opp mange ulike dyr i havet. Det veit forskarane fordi dei har funne fossil frå denne tida. Hendinga blir kalla den kambriske eksplosjonen.
– Det er noko av det mest storslåtte som har skjedd i livets historie, seier Hans K. Stenøien til ung.forskning.no. Han er museumsdirektør ved NTNU Vitenskapsmuseet og har forska på korleis levande vesen har utvikla seg.
Nye kroppsdelar dukka opp
Sjølv om me kallar det ein eksplosjon, skjedde ikkje alt på ein augneblink. Forvandlinga gjekk føre seg over nokre millionar år. Det høyrest kanskje lenge ut, men samanlikna med den lange historia til livet på jorda gjekk det svært fort.
– I denne samanhengen er det superraskt, seier Stenøien.
Alle levande vesen endrar seg over tid gjennom evolusjon. Dei som er best tilpassa staden dei lever, har større sjanse for å overleva og få barn. Då kan gena deira bli førte vidare.
Gena kan også mutera, altså få små endringar. Det kan føra til at barna får heilt nye eigenskapar. Under den kambriske eksplosjonen skjedde denne utviklinga i rekordfart. Dyr med hovud, magar, bein og andre utvekstar byrja å dukka opp. Og ikkje minst: Dei byrja å bæsja.
Fossil bæsj kan vera eit viktig spor
Forskarar har funne mange fossil av bæsj frå denne perioden. Forskarane bak ei ny oppsummering av forskinga på den kambriske eksplosjonen meiner dette kan vera viktig. Kanskje var avføring med på å setja fart på utviklinga av nye dyr.
– Det synest eg er ein fin og spennande teori, seier Stenøien. Han har ikkje sjølv vore med på den nye studien.
Bæsj inneheld nemleg mykje næring.
Avføringa kunne søkka ned til havbotnen eller flyta rundt i vatnet i små bitar. Då blei ho mat og næring som andre organismar kunne nytta seg av. Det var ein fordel for både dyr og plantar.
Byrja å eta kvarandre
Stenøien trur likevel ikkje at bæsj åleine kan forklara den store utviklinga. Forskarane har nemleg fleire teoriar om kvifor det plutseleg dukka opp så mange ulike former for liv.
På denne tida blei det mellom anna meir oksygen og mineral i havet. Det kan ha gitt ekstra fart til utviklinga. Dyra byrja også å eta kvarandre. Det gjorde at dyra fekk mange nye roller å fylla i økosystemet. Eit økosystem er alle dei levande skapningane i eit område og miljøet dei lever i.
Leitar framleis etter fleire svar
Forskarane bak den nye studien understrekar at dei ikkje kan vera sikre på at avføring spela ei viktig rolle. Det kan til dømes ha vore dyr som bæsja også før den kambriske eksplosjonen. Kanskje blei ikkje den eldre bæsjen bevart like godt som fossil.
Eller kanskje ligg fossila der ute ein stad, utan at forskarane har klart å finna dei enno.
Kjelder: Trends in Ecology & Evolution i august 2026, ung.forskning.no



















