No prøver forskarane å finna ut kven som eigde skatten.
Professor Svein Harald Gullbekk ved Kulturhistorisk museum meiner myntene truleg ikkje tilhøyrde ein konge eller stormann, men ein rik bonde.
– Personleg trur eg dette var lokal kapital, seier han til NRK. Det betyr at han trur rikdommen og pengane kom frå folk som budde i området.
Myntar frå utlandet
Gullbekk trur myntane stammar frå ein som har hatt tilgang til eit internasjonalt handelsnettverk. 95 prosent av myntene kjem frå England og Tyskland. Det viser at folk i Noreg handla med andre land for over 1000 år sidan.
Han seier det er vanskeleg å seia kor mykje sølvmyntane var verd på vikingtida. Det finst inga verdivurdering frå Noreg på 1000-talet. Men ein av sølvmyntane kunne vera ei dagslønn for ein arbeidar i England eller Tyskland.
- LES OGSÅ: Fann kjempeskatt frå vikingtida
Uro og maktkamp
Arkeologane meiner skatten vart gøymd rundt år 1040–1050. På den tida var det mykje uro og maktkamp i Noreg.
Det var ikkje uvanleg at ein grov ned store verdiar og brukte jorda som ein bankboks.
– Han har nok ikkje gløymt skatten sin, men ein kan tenkja seg at noko dramatisk har skjedd. At han har døydd eller noko, seier Kjetil Loftsgarden. Han er prosjektleiar for utgravinga på jordet ved Glomma i Åmot.




















