Ein algoritme er ei oppskrift som fortel ei datamaskin kva ho skal gjera. Når du søkjer etter ein video på YouTube eller skrollar på TikTok, bruker appen ein algoritme. Han ser på kva du har likt, sett på eller søkt etter før. Så vel han ut nye videoar som han trur du vil like. Derfor kan to personar få heilt ulike videoar eller innlegg, sjølv om dei bruker same app.
Slik kan du påverka algoritmen din:
Tømme mellomlagring
Den første og beste måten for å påverka algoritmen på TikTok, er å tømma TikToks mellomlagring.
Slik gjer du det:
- Gå inn på profilen din.
- Trykk på «Innstillingar og personvern» (Privacy and Settings).
- Bla deg nedover til du ser «Frigjer plass» (Free up space) og trykk på denne.
- Trykk på «Tøm» (Clear) som står ved sida av «Mellomlagring:» (Cache:)
Dette slettar videoar du har fått tilrådd og gammal data.
Oppdater «For deg-straumen»
Du kan også prøva å fornya algoritmane på TikTok.
Slik gjer du det:
- Gå inn på profilen din, og trykk deretter på dei tre linjene øvst til høgre på skjermen.
- Trykk på «Innstillingar og personvern» (Privacy and Settings).
- Her vil det stå «Innhaldspreferansar» (Content Preferences), trykk på denne.
- Vel «Oppdater for deg-straumen» (Refresh your For You-feed).
- Trykk på «Hald fram» (Continue) og deretter «Oppdater» (Refresh).
Då vil algoritmane ha fornya seg og du vil få anna innhald tilrådd.
Slutta å følgja eller blokkera
Du kan også slutta å følgja eller blokkera brukarar du ikkje vil sjå innlegg frå.
For å slutta å følgja ein konto:
- Trykk på profilen din.
- Under profilen din, trykk på «følgjer» (following).
- Du kan anten bla eller søkja etter den kontoen du ønskjer å sjå mindre av. Ved sida av profilen vil det stå «følgjer» (following). Trykk på den for å slutta og følgja.
Dette vil også gjera at liknande innhald ikkje blir tilrådd. Dei du sluttar å følgja vil ikkje bli varsla om dette.
For å blokkera ein konto:
- Trykk på profilen du ønskjer å blokkera.
- Øvst i høgre hjørne vil det vera ei slags pil. Trykk på den.
- Trykk på «Blokkar» (block) nedst på skjermen for å blokkera kontoen.
Ikkje interessert
Om det dukkar opp innhald du ikkje ønskjer å sjå meir av, kan du:
- Trykk og hald til ein meny dukkar opp.
- Vel «Ikkje interessert» (not interested).
Dette gjer at liknande innhald ikkje lenger vil bli tilrådd.






















