India gir gratis HPV-vaksinar til jenter over heile landet

Helsedepartementet i India skal sette i gang eit landsdekkande vaksinasjonsprogram mot humant papillomavirus (HPV), retta mot 14-årige jenter. Vaksinen skal vere frivillig og gratis.

India skal bruke Gardasil-vaksinen, som beskyttar mot HPV type 16 og 18, som kan gi livmorhalskreft, så vel som type 6 og 11. Livmorhalskreft er den nest vanlegaste krefttypen blant indiske kvinner, og over 42 000 indiske kvinner døyr av det årleg.

Om lag 12 millionar jenter fyller 14 i India kvart år.

– Vaksinering før seksuell debut er kritisk, sidan HPV-infeksjonen er stille og irreversibel, og vaksinen er trygg og har bevist effekt, seier Pragya Shukla, leiar for klinisk onkologi ved kreftinstituttet i Dehli.

LES OGSÅ: – Det gjorde nesten ikkje vondt!