Austin (13) svømte i fire timar og redda familien sin

Den australske guten har fått heltestatus.

Førre fredag var Austin Appelbee, mora Joanne, broren Beau (12) og søstera Grace (8) på ferie i byen Quindalup i Australia. Dei hadde leigd to SUP-brett og ein kajakk, men sterk vind og bølger førte dei lenger og lenger til havs, skriv VG.

Då bad mora Austin om å padle etter hjelp i kajakken, mens ho blei verande med småsøskena hans.

– Det er ei av dei vanskelegaste avgjerdene eg nokosinne har måtte ta, seier Joanne Appelbee til ABC.

– Eg tenkte heile tida «svøm vidare, svøm vidare»

Kajakken tok snart inn vatn, og Austin måtte legge på svøm. Han svømte 4 kilometer, om lag fire timar, før han nådde land.

– Bølgene var svære, og eg hadde ikkje redningsvest på. Eg tenkte heile tida «svøm vidare, svøm vidare». Til slutt greidde eg å nå land, og då eg var oppe på stranda, kollapsa eg, fortel Austin til ABC.

I 20.30-tida fann eit redningshelikopter mora og dei to søskena i god behald. Dei hadde drive 14 kilometer til havs, og klynga seg til eit SUP-brett.

– Handlingane til 13-åringen kan ikkje rosast nok. Hans viljestyrke og mot redda til sjuande og sist livet til mora og søskena, seier politiinspektør James Bradley, ifølge The Guardian.

LYKKELEG SLUTT: Beau, Joanne og Grace overlevde takka vere Austin. Foto: Briana Shepherd/ABC via AP/NTB