Ifølgje menneskerettsgruppa HRNA, som følgjer med på situasjonen, er minst 6 479 menneske stadfesta døde, og over 42 000 personar er arresterte. Men organisasjonen trur at dei verkelege tala kan vere endå høgare, skriv Framtida.no.
Anonyme personar i helsedepartementet i Iran har fortalt til Time Magazine at så mange som 30 000 menneske kan ha vorte drepne i demonstrasjonane som handlar om misnøye med styret i Iran, økonomiske vanskar og krav om fridom og rettar.
Stengt internett
I fleire veker har styresmaktene stengt internett i store delar av landet. Det har gjort det vanskeleg for folk å dele bilete og fortelje verda kva som skjer.
No har internett kome tilbake i nokre område, men er strengt overvaka, ifølgje BBC.
EU reagerer
Torsdag bestemte Den europeiske union at revolusjonsgarden i Iran skal reknast som ei terroristorganisasjon, melder Reuters. Det betyr at EU meiner dette er ei gruppe som bruker vald og frykt for å skremme folk og få makt.
Samtidig vil EU og Noreg innføre sanksjonar mot Iran. Det er ei form for straff der land kan stoppe handel, pengar eller samarbeid for å presse styresmaktene til å endre oppførsel.
Målet er å få slutt på vald og overgrep mot dei som demonstrerer.






















