Under ei teknologimesse i Las Vegas på måndag, presenterte Lego nokre nye klossar.
Klossane ser ut som vanlege legoklossar, men har ein gjennomsiktig del. Inni klossane er det ei lita datamaskin som kan merke rørsle, farge og avstand. Klossane kan også verke i samspel med andre klossar.
For eksempel kan ein legobil med smartkloss merke når han veltar, og endre lyd frå motordur til krasj.
Ifølge International Business Times, sa produksjef Julia Goldin at smartklossane var ei av dei mest betydningsfulle utviklingane i Lego-systemet sidan 1978.
Lego startar salet av smartklossane 1. mars.























