No er reklame for usunn mat forbode i Storbritannia

Usunne matvarer får berre freiste tv-sjåarane på kveldstid.

Frå måndag 5. januar er det forbode å vise reklame for usunn mat på tv og internett i Storbritannia, skriv TV 2.

På dagtid og fram til klokka ni på kvelden er det ikkje lov å vise reklame for feitt, salt og sukker på britiske tv-skjermar. På internett gjeld forbodet heile døgnet.

Håper å betre helsa til barn

22 prosent av barn som startar på skulen i Storbritannia, er overvektige. Tannrote er også eit stort helseproblem for britiske barn.

Målet med forbodet er å betre helsa til barn og unge.