Arkeologar frå Vikingeskibsmuseet i Roskilde fann eit 28 meter langt skip på havbotnen utanfor København. Det skriv museet i ei pressemelding.
Skipet er frå rundt år 1410. Det er det største handelsskipet frå mellomalderen som arkeologane veit om.
Funnet kan hjelpe arkeologane med å forstå meir om livet om bord på dei store handelsskipa i mellomalderen.






















