20. mars slepp BTS eit nytt album. Det melde byrået deira BigHit Music 1. januar, skriv blant anna The Korea Times.
Gruppa frå Sør-Korea har hatt pause i nesten fire år. Det er fordi medlemmane Jin, Suga, J-Hope, RM, Jimin, V og Jung Kook har vore i militæret, og dei har hatt soloprosjekt.

Etter albumsleppet skal BTS reise på ein verdsturne, men datoane og spelestadene er ikkje kjente enno.





















