K-popgruppa BTS har laga verdas mest populære låt

SJÅ VIDEO: K-popgruppa BTS har laga det som truleg er verdas mest populære låt akkurat no. I løpet av 24 timar blei singelen «Dynamite» den raskast seljande på iTunes og mest strøyma låten på YouTube.

Fredag gav K-popgruppa BTS ut singelen «Dynamite». Dette er den første låten deira med berre engelsk tekst.

Det sette fart på fansen, BTS Army. I løpet av åtte timar sende dei låten til topps i 100 regionar på iTunes. Ingen andre låtar har brukt så kort tid på å bli nummer ein, skriv NRK. Laurdag hadde dei sett endå ein ny rekord. Då var musikkvideoen vist over 100 millionar gongar på YouTube.

Fleire populære videoar

BTS sette rekord på YouTube også i august 2018. Då blei videoen til «Idol» sett av nesten 46 millionar gongar det fyrste døgeret. Den rekorden stod heilt til Ariana Grande-fansen november same år mobiliserte, og såg videoen til «Thank U, Next» over 55 millionar gongar på 24 timar. Før «Dynamite» kom på fredag, var det eit anna K-popband, Blackpink, som hadde YouTube-rekorden. «How You Like That» blei sett 86,3 millionar gongar då videoen kom 26. juni.

SJÅ VIDEOEN HER:

K-popgruppa BTS har laga verdas mest populære låt